Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen

Aurdalen/ - Østerbø 

Tilbake

Østerbø i Aurdalen

Laurdag  12, juni 2010 var det treff mellom nære og fjerne slektningar frå Hallingdal og Aurlandsdalen på Østerbø Turisthytte med minneandakt på kyrkjegarden... 

Gurid Nesbø Stigen 

Aurdalen

 

 

 

 

Østerbø Turisthytte og Østerbø Fjellstove er kjende for å vera gjestmilde. DNT ytte årleg godtgjersle frå 1894. Turistferdsla var berre attåtnæring til 1930-åri...

Gamle bilete frå Aurdalen av fotograf Wilse 1914    

Du går ut frå kyrkjegarden tilbake og rett nordover langs hyttene og over brui. God Tur...

Vikjahagen er ein plass som driftakarane hadde rett til å kvila og beita feet i høgdi 3 døger i samanheng.

Kyrkjegarden

 

19.juli 1859 vart gravplassen vigsla av presten Allum.

Minnestein på kyrkjegarden i Aurdalen vart reist 26. juli 1953.

 Hol Menighetsblad 1953 Nr. 6 ( Kopi: Knut Nesbø)

Jordpåkasting vart gjort om sumaren. Då drog dei opp stauren som laga holgang ned på kista. Svend Svendsen er den siste som vart gravlagd her i 1911.

Aureviki

 

                                                           

 Minnegudstjeneste 17. august 2003  

Andakt og kranspålegging 12. juni 2010                                 

Vikjaneset

 

Heimover langs Aurdalsvatnet og Vikjanest mot Nesbø er ein verdfull del av garden Viki. Du finn og gamle murar på neset som minner om bustad for husmenn og andre. Eirik Sjursen selde Viki og for til Amerika. Han skreiv til Sjur Øyum og spurde om han kunne få kjøpe att garden fordi han treivst ikkje i Amerika. Det er god grunn til å tru at slike vakre og trivlege stader som Nesbø, Viki og Øvstebø har  vore i bruk   i mellomalderen, truleg som gardsbruk eller ein kombinasjon av gardsdrift og veiding. Gamle segner fortel ogso at høgdagardane skulle vera svært gamle.

Vegen attende, er vegen fram, seier ein diktar: ”Du er ikkje fødd i går du er barn av dei tusen år.  Djupt gjennom lag etter lag røtene går.” Gå vidare til Nesbø

Steinbergdalen - Kongshelleren - Driftaskar - Steinbergdalen

 

Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen