Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen

Nesbø  

Tilbake til Aurdalen

Nesbø har vore ein storgard og frå gamalt av hadde dei 4 stølar:    Holmen, Tindi, Kringlao og Ljøtebotn.

Gurid Nesbø Stigen 

 

 

Namnet kan koma av Nestebø eller, og det er mest truleg, av at det stikk eit nes ut i vatnet ved tunområdet. Det gamle namnet Næsbø vart endra til Nesbø i samband med innføring av nynorsken.

Busetnadsmønsteret midt på 1800 talet viser at folk bur på gardane frå fjøra til fjells. Aurlandsvangen har berre nokre torvtekte stover kring kyrkja og med si turre sandjord, hadde då lita interesse. Det heiter ogso at dei her oppe selde varene sine til Hallingdal. Fjellvegen var vel trass alt greiare og lettare  enn den kronglute vegen heim gjennom gjel og juv.

 

 

 

 

Nesbø fødde på sitt beste  37 storfe og 42 sauer, det er nesten utruleg. Folketeljinga i 1845 fortel at det budde 15 personar på Nesbø. Og  frå Almen til Aurdalen over 70 fastbuande. Sauehald på  denne tida var meir framtredande enn geitehald og storfetalet vaks mest. Som salsvare kom geitosten  når industri og folketal auka i byane. 

Det skulle vera noko lettare å få kornet moge på Nesbø, for det låg lognt i solhall og skjerma av bratte hamrar og fjellvegger som magasinerar solvarme, reint eit drivhus.

 

 

 

Gravadalen

Her måtte både kløvhestar, storfe og småfe opp ein lang omveg for å koma framom det stupbratte fjellet der Nesbøstigen låg. ”Gravadalen” kjem truleg av reinsgravene som det fanst mange av øvst mot fjellet. I klovafjellet er det registrert over hundre bogestillingar.

Det må vera ein hovding langt tilbake i tid som kunne gjennomføra ei slik jakt med so mykje folk på jakt samstundes.

 

 

Det vart sagt om desse ”Nesbøgutane” at dei var spreke og sterke. Dei gjekk like mykje på hendene       som på føtene i den ikkje ufarlege Nesbøstigen. 

Ingvar Veum har sendt meg denne historia: Langedøla gjekk i flaum, og nokon av Nesbøkarane dreiv med balansekunstner / leika seg, på rekkverket på Vikjabrui, og då ein av dei mista balansen og datt i elvi, skal han ha ropt til dei andre: Hels te ho Mor kara!  Historien vil ha det til at han kom seg til lands att lenger nede og overlevde.

Mor mi Gina S. Aasen (1908-1989) f. Nesbø fortalde at farbror- kona  bar ein sau rundt halsen opp       stigen for å sleppa turen over Gravadalen.

Nesbøstigen som hekk i denne bratte fjellsida, var bygd av bjørkerestar.

Det er ikkje utan grunn at Leif Arne er stolt av å ha sine røter her frå Nesbø...

 

 

Gustav Nesbø

(1882-1959) fortalde frå sine gutedagar på Nesbø at borni var ikkje store før dei laut vera med  i arbeidslivet både heime og ute i markene. Dei drog heim or skogen, ved ris og lauv. Kjervane                 stod i rauk og vart tekne heim då dei hadde betre tid om vinteren.

7 av brørne og 2 onklar til Gustav Nesbø utvandra til Amerika på slutten av 1800 talet. Han gjorde skomakarfaget og Aurlandsskoen til sin leveveg og hadde fleire tilsette på Aurlandsvangen.

 Bilete frå Nesbø 1914 av fotograf Wilse

 

 

 

Murahusi her på Nesbø som i seinare tid har vorte brukte som uthus, beistahus, ser nærmast ut til                  å ha vore eit langhus i eldre tider. Ovanfor husi ligg murar som fot under åkrane. Og garden hadde            store slåtteteigar opp mot stølen Holmen. 

Vinteren 1870 Kom ein skamfrosen framandkar på ski til Nesbø. Dei tok hand om han og han berga           livet. Då han holdt på å frysa i hel inne på fjellet lova han dyrt og heilagt å gifta seg med ei jente                han hadde slege opp med, dersom han kom frå dette med livet. Han hold lovnaden og emigrerte                   til Amerika. Utruleg nok møtte han att folki i Amerika som  berga livet hans vinteren 1870.

 

 

 

Eg hugsa me var samla til jolegjestebod hjå bestefar Gustav Nesbø i Bakkane. Me fekk gåter og                     ei lydde slik: Kven har største låven, slettaste låvegolvet og høgst under taket ? Svaret lydde            samstemt;  Nesbølaoen. Der var det romsleg, flatt golv og god høgd under taket. Dei bar                   kornbandi ut på isen og berja kornet.

 

 

 

Tirtesva er eit vegskilje. Gå opp til Bjønnstigen eller nedover langs elvi om Heimrebø til Bjønnstigslitti.

Uansett kva veg du vel må du koma attende til dalen og få med deg ogso den andre vegen.                       Det skjuler seg dramatikk og mystikk alle vegar i Aurlandsdalen, frå det vakre til det skremmande. 

Tirtesva - Nesbøteigadn - Holmen - Bjønnstigen

Heimrebø - Tirtesva - Nesbøteigadn - Holmen - Heimrebø

 

Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen