Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen

Tirtesva

Tilbake

Tirtesva - Bjødnaholao - Skrubbadn - Nesbøteigadn - Holmen

Gå vidare over Bjønnstigen

 
Bjødnaholao og Skrubbadn minner om at her levde det udyr i gamle dagar. Det er rikeleg med bratte hamrar, hellerar og ulende.    Det var lett for bjørn og ulv som ville halde seg i løynd. Det var ikkje for ingen ting at det fanst " likbjørke" i dessse stroki...                I Nesbøteigadn syner framleis steinmurar og løe-tufter. Murane var til å halde beisti ute eller samla innafor.

Det er ein fantastisk fin utsikt her oppe og du ser den nederste løypa som møter att stien over Bjønnstigen ved Bjønnstigslitti.

Holmen var ein Nesbøstøl som vart seld til garden Winjum. Det seiest at budeiene på Holmen var gjestfrie. Du gjekk ikkje svolten vidare...

Frå Holmen kan du gå ned Vetlelid til Heimrebø - Bjønnstigslitti

 

Startside

Aurdalen

Nesbø

Bjønnstigen

Vetlahelvete

Sinjarheim

Almen

Aurlandsvangen